Bjørnafjord konferansen

Fredag, 25. oktober 2024 / Oseana

Vidsyn - å sjå det store bilete

fjord.jpg

Regionen vår er i stor endring, og endring  påverkar næringslivet. Med Bjørnafjordkonferansen ønsker vi å bringa næringslivet tettare saman og skapa nye møteplassar som kan vera med å forma vekst og utvikling rundt Bjørnefjorden. På tvers av ulike bransjar innan næringsliv, kommunal drift og innovasjon kan vi saman vera med på å påverka vekst og endringar lokalt. Næringslivet i Bjørnafjorden er i utvikling og endring, og det åpast opp for nye moglegheiter for etablerte og nye næringsaktørar.

Bli med på ein dag fylt med spennande foredrag, sofaprat og motivasjon!

Etter konferansen inviterar vi til Røter & Boblar. Her tar vi ein vandring gjennom Os og møter lokalt næringsliv. Vi nyt noko godt i glaset.

Bjørnafjordfesten! Vi avsluttar dagen med middag for næringsrådets medlemmer og samarbeidspartnarar. Her blir Årets Bjørnafjording lansert mens vi et eit godt måltid og underhaldning.


 

Dato: 25 oktober 2024

Tid: 08:30 – 16:00

Stad: Oseana Kunst- og Kultursenter

Det blir lagt opp til gode pausar og lang lunsj med tid til å mingla og hygga seg.

Røter & Bobler

Tid: 16:00 - 18:00

Stad: Osøyro Sentrum

Vi besøkar tre tradisjonsrike og framtidsretta bedrifter i Os Sentrum.

For kvar stopp, får ein høyre om korleis desse bedriftene har brukt dei ressursane og erfaringane ein får gjennom fleire ti-år, og har omstilt seg til å bli suksessrik bedrift. Ein får og noko godt i glaset!

Bjørnafjordfesten

Tid: 18:00 - 24:00

Stad: Osøyro

Etter at konferansen er avslutta inviterer vi til Bjørnafjordfesten. Ta med den gode stemninga og fortsett praten!

Vi jobber med programmet, og vil komme med mer informasjon forløpende.

white.png

Foredragshaldarar

Oppdateres fortløpende

 
 

KonferansierTarjei Strøm

Christian Kalvenes

Dagleg Leiar, Sportsklubben Brann

Les meir…

Kjetil Andre Aamodt

tidligare norsk, mestvinnande alpinist

Les meir…

Øyvind Harkestad & Giske Eggen

Merkevaresjef & Leiar for Samfunnsansvar hos Sparebanken Vest

Les meir…

blue.png