Bjornafjord-konferansen_logo_blue_01.png
 
Steen+Jensen.jpg

Ingebrigt Steen Jensen

Få kan som Ingebrigt Steen Jensen begeistra og tenna eit publikum. Ingebrigt er mest kjent som reklamemann, Stabæk-supporter og tekstforfattar, og har mellom anna skrive bestseljaren Ona Fyr.

I foredraget gjennomgår Ingebrigt dei fire-fem tinga dei beste verksemdene i verda gjer spesielt godt – betre enn konkurrentane sine, og dessutan påfallande LIKT. Tanken er altså at vi andre kan læra av dei beste, fordi det er nokre ting som går igjen hos dei aller beste – uavhengig av bransje. Punkta blir relaterte til verksemda Ingebrigt vitjar. Han vil derfor alltid ha ei grundig briefing om den aktuelle verksemda på førehand.

Foredraget handlar om kulturbygging, historieforteljing, viktigheita av å ha ein tydeleg ideologi, samarbeid og korleis få fram det beste i kvarandre.