Bjornafjord-konferansen_logo_blue_01.png
 
Kari+Traa.jpg

Kari Traa

La deg motivera av ein OL-Mester!

Kari Traa er freestylekøyrar og olympisk meister med tallause sigrar på samvitet. Ho har teke medaljar i både OL og VM, og vann verdscupen i ordinær kulekøyring, parallellkøyring og freestyle samanlagt i sju sesongar. Men ho er ikkje berre freestylekøyraren som gjer kunstar på ski, ho har òg vist ein god gründer-teft. Interessa for design og klede har alltid vore til stades, men det var ikkje før ho var på høgda av skikarrieren sin at ting byrja å skje. Ho strikka luer for vener og kjende, og ho tilpassa sitt eige skiutstyr. Produkta vart så populære blant vener og andre skiutøvarar over heile verda at merkevara Kari Traa vart fødd.

Med foredraget «Ei humpete og kul reise» fortel Kari om oppveksten på Voss, om korleis interessa for freestyle vart fødd og om korleis ho har klart å halda drivet og motivasjonen oppe. Du vil òg få høyra historia om korleis det var å slutta med noko ho elskar for å satsa som fulltidsgründer – noko ho har hatt like stor suksess med.