Bjornafjord-konferansen_logo_blue_01.png
 
Mons+Ivar+Mjelde.jpg

Mons Ivar Mjelde

Mons Ivar er utdanna lærar og har ca. 30 års erfaring frå toppfotballen i Noreg og Europa som spelar i Brann, Bryne, Lillestrøm, Austria Wien og Sogndal.

Som trenar i Brann har han fått med seg både cupgull og seriegull, og han har trent Start, Bryne, Fredrikstad og Åsane. Mons Ivar brenn for dette med å bygga lag og bygga kulturar som gir ønskte resultat både i idretten og innanfor næringslivet. Han likar å dela kunnskapen og erfaringa si med andre.

Foredraget heiter "Saman er vi sterke", og synleggjer kva slags krefter som rår i ei gruppe som har bestemt seg for å nå same mål. Kva er ansvaret mitt og bidraget mitt for å vera ein god lagbyggar?